Informasjon

Leigevilkår

Vilkår for bruk av tenesta

Haugsbø Bil og Karosseri AS, Bygstadvegen 722, 6977 Bygstad, org nr 973 549 112 MVA, driv ei utleigeteneste der bedrifter og forbrukarar kan leige utstyr ved å bestille utstyret på nett samt hente og levere det hjå Haugsbø Bil i Bygstad. Tenesta inneheld også tilbod om medlemskap der dei som treng utstyr litt oftare får fordelar.

1 Generelt

Desse vilkåra gjeld for utleige og sal av varer og tenester frå www.haugsbobil.no til bedrifter og forbrukarar. Vilkåra vil saman med din ordre utgjere eit samla avtalegrunnlag for kjøpet.

2 Definisjon av partar

Utleigar eller seljar er: Haugsbø Bil og Karosseri AS og blir etter dette kalla "vi", "oss", "utleigar" eller "HBK".
Leigetakar er: Den personen som er oppgjeve som leigetakar eller kjøpar i bestillinga, og blir etter dette kalla leigetakar, kunden, du, deg, di eller ditt.
Med leigeobjekt meinast verktøy, utstyr, maskiner og alt anna som leigast ut hjå haugsbobil.no.
Med leveringsform/servicepunkt meinast utlevering eller innlevering på avtala leveringspunkt.

3 Betaling, depositum og prisar

Betaling skjer via Visa- eller Mastercard-kort på nettet via vår betalingsformidlar DIBS. Leigetakaren betalar ved bestilling og då blir leigeavtalen sett på som inngått.
Haugsbø Bil føl vanleg utleigepraksis og reserverer også eit depositumsbeløp som oppgjeve på ordrekvitteringa ved bestilling. Reservasjonen sikrar bedrifta om kunden returnerer verktøyet for seint, skadar verktøyet eller ikkje leverer i det heile. Størrelsen på depositumet varierer med valt utstyr som leigast, og går fram av ordrebekreftelsen. Haugsbø Bil har rett til å nytte depositumet til å dekkje leige samt andre kostnadar som er nemnt ovanfor og/eller eventuelle regresskrav, jfr. punkt 5 nedanfor.
Alle prisar er inkludert meirverdiavgift, med mindre anna er spesifisert. Totalkostnaden for kjøpet vil kome fram før bestilling og inkludere alle utgifter i samband med leige eller kjøp. Dersom det har førekome feil med prisane på nettsida av vesentleg størrelse frå Haugsbø Bil si side kan Haugsbø Bil endre, slette eller avvise ordre sjølv etter at kunden har motteke ordrebekreftelse eller liknande. Slike feil må likevel korrigerast og  kunden informerast i løpet av rimeleg tid etter at feilen er oppdaga.

4 Leigeobjektet si stand

Haugsbø Bil forpliktar seg til å levere leigeobjekt av høg kvalitet i driftsklar tilstand. Haugsbø Bil har eigne rutiner som kontrollerer og vedlikeheld leigeobjekta før og etter utleige.

Leigetakar er ansvarleg for alle skadar eller tap på utstyret i leigeperioden. Fritak frå ansvaret kan skje dersom skaden eller tapet skuldast tekniske feil eller manglar. Leigetakar pliktar difor å kontrollere leigeobjektet før bruk og ta kontakt med Haugsbø Bil om leigeobjektet ikkje skulle vere i forventa tilstand.

5 Skadar

Alle skadar, tekniske feil eller uhell som eventuelt oppstår i leigeperioden skal meldast Haugsbø Bil omgåande. Vi vil då gjere vårt beste for å hjelpe leigetakaren. Skadar meldast på telefon 95 59 649 omgåande, eventuelt post@haugsbobil.no. Dette gjeld også ved tjuveri.

Om skadane oppstår ved feil bruk, med vilje eller aktløyse vil Haugsbø Bil kunne nytte det reserverte depositum og om nødvendig trekke ytterlegare uteståande beløp til å dekke kostnadane knytt til reparasjon, service eller erstatning av verktøyet. Dette gjeld også om utstyret blir levert tilbake i vanskjøtt stand eller blir levert skitten utanom det normale.

Vi freistar alltid å gje dei beste råd og tips for bruk av leigeobjektet, men er ikkje ansvarleg for utføring eller for direkte eller indirekte skadar eller tap som skuldast bruk av leigeobjektet, forsinkelsar eller feil på leigeobjektet.

6 Bruk av leigeobjektet

Bruk av leigeobjekt skjer på eige ansvar. Den som brukar utstyret må vere over 18 år.

Leigetakar er ansvarleg for at utstyr og tilbehøyr nyttast på ein slik måte at det ikkje blir skada eller urimeleg tilgrisa. Rett og trygg bruk av utstyret er Leigetakar sitt ansvar. Utleigar legg til rette for rett bruk av utstyret ved å gjere tilgjengeleg bruksanvisningar, instruksjonar og tryggleiksprosedyrer saman med verktøyet og/eller på utleigar sine nettsider. Det er kunden sitt ansvar å setje seg inn i utleigar sine bruks- og tryggleiksrutiner før bruk av utstyret.

Vi anbefalar bruk av verneutstyr. Du må også følgje utstyret sin bruksanvisning og andre anvisningar frå Haugsbø Bil.

7 Tilbehøyr

Tilbehøyr må som hovudregel kjøpast eller leigast separat ved bestilling av verktøyet og tilvelgjast etter kva oppgåve leigetakar ønskjer å utføre. På nettsida står det forklart kva som er inkludert i leveransen av leigeobjektet. I tillegg er sikkerheitsutstyr påkrevd i ei rekkje situasjonar og kan kjøpast på nettsida. Tilbehøyr som er personleg (støvmasker etc) eller forbruksvare som slitast leigast ikkje ut. For tilbehøyr som selgjast og som ikkje er teke i bruk gjeld punkt 12 Angrerett.

8 Leigetakar sine rettar og plikter

Leigetakaren må vere fyld 18 år og pliktar å oppgje korrekte kundedetaljar ved oppretting av brukarkonto for å kunne bestille og leige på haugsbobil.no. Haugsbø Bil sender meldingar på angjeve epost, adresse og telefon og slike meldingar blir sett på som motteke og gyldige ved avsending hjå oss.

Brukarkontoen er personleg og har du mistanke om at andre har tilgjenge til din konto pliktar du å varsle Haugsbø Bil umiddelbart. Haugsbø Bil har rett til fritt å avvise, avslutte eller suspendere brukarkontoar utan førevarsel eller ansvar, inkludert om vilkåra er brotne.

Vidare må desse leigevilkåra aksepterast før bestilling på nettsida.
Leigetakaren må returnere leigeobjektet før avtalt dato og tid går ut og på avtalt leveringsform. Det blir forventa at leigetakaren held seg oppdatert om servicepunktet sine normale opningstider.
Leigetakaren eller kortinnehavar gjev Haugsbø Bil fullmakt til å lage kredittkortanvisingar for blant anna leigeobjekt som ikkje returnerast, er meir skittent enn det normale eller ved skade på leigeobjektet. Fullmakta gjeld også rett til å belaste betalingskortet for ytterlegare leige, eller krav på erstatning dersom leigeobjektet tilbakeleverast etter avtalt leigetid eller blir levert tilbake med feil eller manglar.
Forseinking med omsyn til tilbakelevering av verktøyet ut over 1 – ein – time i høve til den avtalte leigetid, gjev utleigar krav på eit døgns ekstra leige samt eit gebyr, for tida på 300 kroner,- som dekkjer meirutgifter Haugsbø Bil har ved for sein innlevering. Er ikkje leigeobjektet returnert etter eit døgn har Haugsbø Bil krav på å få erstatta den avtalte døgnpris så lenge verktøyet faktisk disponerast og ikkje er tilbakelevert av leigetakaren.

9 Endring av ordre

For å endre ein ordre må Haugsbø Bil kontaktast. Endringane vil ikkje vere gyldige før dei er bekrefta skriftleg av Haugsbø Bil. Dette for å sikre at leigeobjekta faktisk er ledige. Om ikkje anna er avtala og bekrefta må leigeobjektet returnerast til avtala tid. Forlenging av leigeperioden kan skje før leigeperioden startar og/eller under leigeperioden ved å endre leigestart eller leigeslutt.
Endringar og kanselleringar av leigeobjekt som fører til at tilgjenge av leigeobjekta for andre brukarar endrast kan føre til ei endringsavgift for å dekkje kostnadar ved ombooking. Endringsavgifta er for tida på 300 kroner. Alle kostnadar vil bli opplyst leigetakar før ordreinngåing eller ordreendring.

10 Utlevering og retur

Utlevering og retur skjer på den måte, på den stad og til det tidspunkt som er angjeve på ordrebekreftinga. Du finn det også på di side. Vi har ansvar for produkta inntil dei blir overtekne av deg, det vil seie når du har fått produkta utlevert. For å få utlevert leigeobjektet må du ha bookingreferansen din klar. Namnet du angjev på reservasjonen må stemme overens med namnet på ID-kortet ved henting.
Dersom utleveringa av leigeobjekta blir forsinka, vil vi gje deg informasjon så fort vi har kunnskap om det, saman med informasjon om og eventuelt når utlevering kan skje, eller om produkta er utselde eller leieobjekta ikkje er disponible.
Du er ansvarleg for produktet til det er returnert til oss eller eit av våre servicepunkt.
Vi kontrollerer tilstanden og funksjonen på leigeobjekta og at alle delar er tilstades når dei kjem inn på vår varesentral. Ved komplett levering i kontraktsmessig stand blir reservasjonen for depositumet sletta på betalingskortet.

11 Medlemskap

Medlemskap gjev deg rett til reduksjon av prisar og andre medlemsfordelar. Både privatpersonar og næringsdrivande kan vere medlem, men det er den person som er innmeldt som er juridisk ansvarleg og avtalepart.
Medlemskap blir fornya automatisk til det blir avslutta av leigetakar. Medlemskapet blir avslutta på kontosida ved å stoppe abonnementet. Medlemskapet vil då løpe ut gjeldande periode og deretter avsluttast.

12 Angrerett på kjøp

Angrerettlova gjev deg rett til å angre dine kjøp. Angreretten gjeld for varer som er kjøpt og ikkje for leigeobjekt. Angreretten forutset at du seinast innan 14 dagar etter at du mottek leveransen gjev oss melding om dette (Sjå angrerettlova: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2014-06-20-27 ).
For å nytte deg av angreretten må produktet vere levert oss i tilnærma same mengde og stand som du mottok det. Dersom du prøver, brukar eller undersøkjer vara (åpnar emballasje etc) på ein måte som går utover kva som er nødvendig for å fastslå vara, eigenskapar og funksjon og dette fører med seg at vara reduserast i verdi, kan vi trekkje frå eit beløp tilsvarande verdireduksjonen i kjøpesummen som skal tilbakebetalast. For eksempel, prøver du ei støvmaske, sagar med sagblad, eller borar eit hól med eit bor gjeld ikkje angretten.
Produktet sendast tilbake til oss i originalemballasjen og innan rimeleg tid, saman med angrerettskjema. Det enklaste er å returnere vara i same boksen eller leveransen som når du returnerer leigeobjektet. Då er det ingen ekstra kostnadar i forbindelse med returen for deg. Fyll ut angrerettskjemaet og legg det i boksen eller vedlagt leveransen. Vel du å sende det tilbake med post eller andre metodar er det ditt ansvar til vara er komen til oss. Du må sjølv besørgje eiga, eigna emballasje og kontakte oss før sending.

13 Immaterielle rettigheiter

Innhaldet og tenesta er beskytta av lov om åndsverksloven. Biletemateriell lagra på sida er innhenta med tillatelse frå rettigheitshavarar. Videoar på Youtube er lenker til tredjeparts teneste utanfor Haugsbø Bil sin kontroll.

14 Personvern

Haugsbø Bil behandlar dine personlege opplysingar i eit sikkert dataregister for å kunne oppfylle sine forpliktingar og sikre sine rettigheitar iht. leigeavtalen. Dei personopplysingar som blir behandla er namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og ordrehistorikk. Denne historikken vil bli lagra for rekneskapsføring og andre forpliktelsar. All lagra informasjon er tilgjengeleg på ""Min konto"". Leigetakar har rett til å få sine personopplysingar fjerna frå utleigar sine system, noko som gjerast ved personleg henveding til Haugsbø Bil.
Ditt betalingskort vil bli lagra så lenge du har ein aktiv ordre. Lagring av betalingskortet skjer hjå vår betalingsformidlar DIBS. Dei oppbevarar informasjonen på ein sikker og forsvarleg måte. Lagring av betalingskort gjer det endå enklare når du handlar. Du kan slette betalingskort på di side. Haugsbø Bil lagrar ingen kredittkortdetaljar sjølv.
Haugsbø Bil nyttar informasjonskapslar (cookies), som dei fleste andre nettbutikkar. Cookieane lagrar data i din nettlesar for at nettsida skal kjenne deg igjen frå side til side og besøk til besøk. Vi kan då kjenne igjen kven du er slik at du blant anna kan få riktige prisar og enklare innlogging. Vi samlar også inn bruksinformasjon for å betre kvaliteten på tenesta
Du finn meir detaljert informasjon om våre praksisar knytt til personvern ved å gå inn på hjelpesida sin undermeny. Der finn du personvern som ei eiga fane.

15 Lovvalg

Desse vilkåra er underlagt og skal tolkast i samsvar med norsk rett. Avtala verneting er Oslo Tingrett.

16 Endringar

Haugsbø Bil forbeheld seg til eikvar tid retten til å endre eller erstatte desse vilkåra. Gjeldande vilkår er alltid tilgjengeleg på haugsbobil.no. Dersom Haugsbø Bil vurderer at endringane i vilkåra er vesentlege i høve til leigetakar sine rettigheiter eller plikter, vil endringane bli gjort tilgjengelege på haugsbobil.no 30 dagar før dei trer i kraft.
Ved bruk av tenesta etter at endringane i vilkåra er gjort tilgjengeleg på haugsbobil.no godtek du å vere bunden av dei oppdaterte vilkåra. Om du ikkje ønskjer å godta dei nye vilkåra, kan du ikkje nytte Haugsbø Bil sin nettbutikk eller utleigetenester.

Sist oppdatert 16.05.2023"