Om oss


Haugsbø Bil og Karosseri vart etablert i 1988 og ligg i Bygstad i Sunnfjord kommune i Vestland fylke, nokre meter frå Fv 57. Sidan oppstarten har verkstaden blitt utvida i tre byggetrinn, der det siste var ferdig i 2010.

Vi driv med verkstaddrift, vinterlagring av bubilar, bilar og liknande samt utleigeverksemd. I nettbutikken vår finn du utvalet vårt, og du kan enkelt bestille og betale rett på nettsida. Skulle du ikkje finne akkurat det utstyret du treng i nettbutikken vår må du ikkje nøle med å ta kontakt då det kan vere vi endå ikkje har fått lagt det ut.

Vi lagrar så og seie alt du måtte ønskje, både kort- og langstidslagring. Bubilar, bilar, båtar, utstyr, ting og tang. 

På sikt ønskjer vi å gå over til å tilby verkstaden til leige om du ønskjer å gjere eige vedlikehald på køyretøya dine, eller har andre spennande prosjekt som treng ein verkstad. Her vil det bli høve til både dags- og vekeleige, og til meir permanente ordningar f.eks over månadar eller år. Ta kontakt om du kan vere interessert i dette. Bygget har kompressorar, lakkboks, løftebukkar, smøregrav og mykje anna utstyr.